Skjermdump av artikkel fra nrk.no

NRK omtaler trafikkskadesak

Bistandsadvokat for etterlatte etter bilulykke

Advokat Gitta Barth bistår etterlatte etter trafikkulykken der en mann kolliderte med en brannbil. Kollisjonen fikk fatale konsekvenser – mannen omkom. Saken ble likevel henlagt av politiet. Advokat Barth påklaget henleggelsen til riksadvokaten. Henleggelsen skaper reaksjoner hos pårørende og i lokalmiljøet. Saken er blant annet omtalt i NRK. Artikkelen kan leses i sin helhet nedenfor. Saken er også omtalt i Sogn Avis (krever abonnement).

Dersom du har vært utsatt for en straffbar handling eller er etterlatt til en avdød etter straffbar handling, kan du ha krav på bistandsadvokat. Utgifter til bistandsadvokat dekkes av det offentlige.

Har du behov for juridisk bistand i forbindelse med trafikkulykke? Ta kontakt for en gratis vurdering i dag!

Foto: Sondre Dalaker/NRK 

 

«– For tett at politiet etterforska brannvesenet

Den tragiske møteulukka ved Nornes i Sogn i april i fjor burde vore etterforska ved eit anna politidistrikt.

Det meiner advokat Gitta Barth som representerer dei etterlatne etter mannen som omkom i møteulukka med ein brannbil under utrykking.

Advokaten seier ho tidleg stilte spørsmål ved om det ikkje vart for tette band om politiet i Sogn skulle etterforske ein naudetat dei ofte rykkjer ut med.

– Vi meiner denne saka burde vore etterforska ved eit anna politidistrikt. Det er noko som vi også tidlegare har påpeikt overfor politiadvokaten.

I april i fjor kolliderte ein brannbil under utrykking med ein personbil ved Nornes på fylkesveg 55 i Sogndal. Den 48 år gamle føraren av personbilen omkom i ulukka. Bistandsadvokaten til dei etterlatne stiller spørsmål ved om etterforskinga har vore uavhengig og grundig nok etterforsking.

– Dei kjenner truleg kvarandre. Det er ein liten plass og dei rykker ut saman til redningsarbeid saman, og då bør ein la eit anna politidistrikt ta seg av etterforskinga for å skape tillit til etterforskinga, seier Barth.

– Trur du dei tette banda kan ha påverka etterforskinga?

– Det har eg ikkje grunnlag for å tru, men der er noko habilitetsinsigelsen at ein må sikre at ting har blitt gjort rett.

Sogn Avis melde onsdag morgon at Statsadvokaten ikkje tek ut tiltale mot føraren av brannbilen, men at Barth vil klage saka vidare til Riksadvokaten.

Meiner etterforskinga har vore grundig

Forsvararen til sjåføren som køyrde brannbilen den fatale aprildagen i fjor har på si side at etterforskinga har vore svært grundig.

– Eg har teke imot politiet og statsadvokaten si avgjerd om å legge vekk saka. Der er det gjort vurderingar i forhold til straffansvar. Eg oppfattar dei vurderingane som er gjort der som svært grundige, og heilt korrekte. Vi er ikkje uroa for at klagen som er komen frå bistandsadvokaten, seier Anette Vangsnes Askevold.

– Saka har drege ut i tid, korleis har det vore for din klient?

– Ein forventar at det kjem til å ta tid og at det vert gjort grundige undersøkingar, ut over det har eg ikkje noko kommentarar til det, seier Askevold.

Avviser tette band

Sjef for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, avviser at banda er for tette. Han viser blant anna til at avhøyr og etterforsking har vore leia av tenestemenn frå andre kontor i fylket.

– Det er berre yrkesmessig samarbeid og ikkje noko anna. Likevel tek ein visse grep for å sleppe denne type diskusjonar i ettertid, slik at dei som samarbeider tettast til dømes ikkje gjennomfører avhøyr.

Johannessen seier han er trygg på at politiet har handtert dette på ein god og rett måte.

– Dei vurderingane vi har tatt er at dette er gjort på ein svært god måte frå politiet sin side.»